23. februar 2012
Generelt
Minimer

 18 UNGDOMMAR TEK ANSVAR I SPEIDARGRUPPA I STRYN

Stryn KFUK-KFUM-speidarar har lenge vore ei av dei største speidargruppene i landet. Også i år er medlemstalet på over 160 medlemmer, og det krevst sjølvsagt ein heil stab av leiarar til å ta seg av alle dei patruljemøta, turane og leirane som skal arrangerast i løpet av året. Desse 18 ungdommane gjer ein flott og heilt nødvendig jobb for gruppa, men samstundes får dei ei god erfaring som gjer seg godt på CV-en når det kjem til søknader på vidare skule og jobb.
 
 
 
 
 

Vil du bli betre kjent i kyrkja? Likar du å leike og overnatte saman med vener? Går du i 5. klasse? BLI MED PÅ LYS VAKEN!
No er det snart tida for Lys Vaken. På Lys Vaken blir vi betre kjent i kyrkja, leikar saman, søv saman, et saman og feirar gudsteneste saman. I år skal det vere i Nordsida kyrkje, Nedstryn kyrkje og Olden kyrkje 26. – 27. november
For spørsmål ring: 57874813
Les meir om Lys Vaken på www.lysvaken.no

 
  Kristian på veg til klimakonferansen i Durban
 
 
 
Kristian Storevik er ein av 50 norske ungdommar som i desse dagar køyrer buss frå Nairobi til Durban for å vere med på klimakonferansen i slutten av månaden. Dei fleste av desse, Kristian inkludert, er med i Ten Sing Norway, dei andre er representantar for Changemaker og Kirkens nødhjelp. Langs ruta held dei show og konsertar der dei fokuserer på klimatrusselen og samlar underskrifter til ein ny klimaavtale. Kyrkjelydane våre har fått ei oppmoding frå Norges KFUK-KFUM om å be for deltakarane under dette viktige oppdraget, og vi vil sjælvsagt ha Kristian spesielt i tankane. 150 afrikanske ungdommar er også med på denne “Klimakaravanen”, som er ein del av den internasjonale kampanjen: We Have Faith, Act Now for Climate Justice.
 
Midt på biletet ser vi Kristian, her som deltakar i KrinsKrams-orkesteret.
 
 

 

 Tårnagenthelg


Innvik og Utvik kyrkjelyd inviterar alle 8- og 9- åringar til å vere Tårnagentar 27. november i Innvik kyrkje. Gjennom dagen vil agentane løyse oppdrag og mysterier, og dei vil forske ut kyrkja og Bibelens forteljingar. Det heile startar kl. 09.30.

 

Påmelding: Ring 57874814 eller send e-post til: heidi.amundsen@stryn.kommune.no

 

Alle er velkommen til Tårnagentgudsteneste søndag 27. november kl 16.00

 

 

   

Stor forbundsfest i kulturhuset


Nordsida Barnegospel, Sight Sing og speidarane fylte kulturhuset også i år, då dei inviterte til forbundsfest saman med familiane sine og alle andre forbundsvener. Eit livleg og engasjert program vart presentert for alle frammøtte, og det vart skikkeleg basarstemning rundt borda i foajeen etterpå, då det var samling om mat og loddsal. 16000 kr kom inn til KFUK-KFUM Global sitt skuleprosjekt på Madagaskar. Eit strålande resultat.

 

 

 Vi Kyrkjer

 

Kjenner du verbet ”å kyrkje”? Det er konstruert av kyrkjepedagogane våre, Heidi Amundsen og Sigrun Reinhardsen, og er blitt namnet på ei Facebookside som presenterer likt og ulikt frå arbeidet i kyrkjelydane våre. Den siste storhendinga som er grundig kommentert er tenåringstreffet på Nesholmen 20. – 22. oktober. Eit bilete av dei 18 som deltok frå Indre Nordfjord fekk 19 kommentarar.
 
 
 

Laurdagsklubben ”Sprell Levande”.

Hornindal kyrkjelyd går nye vegar. No har søndagsskulen blitt utvida med barnekor. Kristina Tomasgård er musikalsk ansvarleg, og rundt seg har ho ein stab av frivillege som har andre oppgåver. Oppstart var laurdag 21. oktober, og no møtest klubben kvar tredje laurdag framover. 20 born og ein stor flokk forleldre møtte fram fyrste gongen, og det vart både kor og klubb. Samlingane er på kyrkjelydsstova på Grodås, og her er god plass. Endeleg har kyrkjelyden fått eit nytt barnekor opp og gå.

Nordsida Barnegospel på frammarsj.

 
Dei som var på forbundsfesten søndag 6. nov fekk oppleve Nordsida Barnegospel med ein stor flokk engasjerte ungar. Dei to systrene maria Roset Sølvberg og Hilde Roset sto for leiinga, og saman med desse to såg det ut til at ungane hadde mykje moro. Vi fekk vere med på oppvarmingsøvingar og vi fekk sjå og lytte til eit kor som ikkje er redde for å ta i. Både solistar og korsongarar opptredde med glød og engasjement. Nordsida barmegospel har no 26 unge songarar som øver laurdagane.
  
Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Opphavsrett (c) 2008 Stryn kyrkjelege fellesråd Powered by LabOra - Agrando AS