
Olden sokn har 934 medlemmer.
Den nye kyrkja i Olden er ei langkyrkje i tømmer med basilikaform, bygt år 1934. Arkitekt var Daniel S. Muri.
Den gamle kyrkja i Olden er ei krosskyrkje i tømmer, bygt år 1758. Til kyrkja høyrer m.a. ein bibel frå år 1550, og altartavla er frå 1772.
Ljosheim kapell var bygt som bedehus i 1924, og tilbygt kor og sakristi og vigsla til kapell i 1935.
Olden sokneråd har åtte medlemmer, og leiar er Jakob Lars Aaberg.