Nedenfor vises en oversikt over gudstenester og andre hendingar. Du kan velge menyen "Gudstenesteplan" for å se for en lengre periode og mer detaljar.
Velkomen til heimesida til Den norske Kyrkja i Stryn!
Kyrkja i Stryn er delt inn i åtte sokn med kvart sitt sokneråd: Utvik, Innvik, Olden, Loen, Nedstryn, Oppstryn, Nordsida og Randabygd.
Stryn Kyrkjelege Fellesråd er sett saman av ein representant for kvart av sokna, ein av prestane og ein representant frå Stryn kommune.
Gunnar Skrede skal vere vikarprest i Hornindal, Nordsida og Randabygd sokn til og med juli 2012.
Gunnar har tidligare vore prest fleire stader, han vore i Volda i mange år, og no sist har han vore domprost i Molde.
Gunnar bur no i fritidsboligen sin på Skrede, der han også er fødd og oppvaksen.
Vi ynskjer han varmt velkomen!
I høve overgang til ny kyrkjeverje vart alle dei tilsette med fleire inviterte til lunsjmøte på Smak kafé onsdag 18. januar. Den nye kyrkjeverja Borghild Skarelven vart presentert, og ho overtek ansvaret 1. februar. Kyrkjeverje Svein F. Rønne vart takka for jobben og han fekk overrekt blomar frå dei frammøtte. Rønne takka også alle medarbeidarane for samarbeidet i alle åra han har vore kyrkjeverje
I helga 14. til 15. januar var det song og musikkseminar i Olden. Seminaret vart avslutta med gudsteneste i Olden kyrkje med sokneprest Kjetil Netland som liturg og komponist Tore W. Aas som musikalsk leiar. Alle dei store kora i Stryn deltok blant kyrkjelyden i stappfull kyrkje. Det var ei fin oppleving for alle dei frammøtte
15. januar var det årsmøte i Stryn KFUK-KFUM-speidargruppa. Årsmeldinga viser at det framleis er over 150 medlemmer i gruppa, og at aktiviteten er stor. I fjor var tre grupper på utanlandsturar, til Sveits, Mexico og Tyskland. I tillegg var det leir for heile gruppa i Lodalen i pinsa. Omsetninga i fjor var på 340 000 kr, og det er mykje pengar å handtere for den som har ansvar for økonomien. Det vart attval på styret, og ein god diskusjon om aktiviteten framover. Hovudsatsinga i år blir krinsleiren på Gjermundnes, Sunnmøre, i august.
Fredag 13. januar arrangerte Oppstryn sokneråd årsfest for kyrkjelyden. Både det gamle og det nye soknerådet deltok, saman med mykje bygdafolk elles. Nyvald leiar, Berta Urke Berge leidde festen, og unge musikarar deltok med felespel og song. Der var andakt ved Henny Koppen, og der var mat og åresal. Årsmeldinga gav inntrykk av ein stabil aktivitet i kyrkjelyden, og peika framover mot kyrkja sitt 150 – årsjubileum i 2013. Der er ein del oppussing som må gjerast før den tid. Det nye soknerådet ser fram til å ta fatt på oppgåvene.
Babysong er ein del av trusopplæringa i Stryn og Hornindal, og er eit tilbod for alle som har små born i alderer frå 0 – 2år.
No er valet over og her er dei nye sokneråda.
Kyrkjesøk.no.
Denne kan td. nyttast til å bli kjend med kyrkjene og å få oversikt over sommaropne kyrkjer.
Stryn kyrkjelege fellesråd
Send E-post