BOK TIL FIREÅRINGAR I LOEN OG NEDSTRYN
Forfatter:
Kato Nesje |
Opprettet: 06.02.2012 |
Visninger: 83
Om lag 30 born fødde i 2008 møtte fram på gudsteneste for å få kyrkjeboka si den fyrste søndagen i februar. Begge stader var det mykje folk til stades og mange spennande element i gudstenesta. I Loen var den katolske og den lutherske kyrkjelyden saman om ei økumenisk gudsteneste, som gjekk på polsk, slovakisk og norsk. I Nedstryn var eit strålande opplagt barnekor med. I flunkande nye t-skjorter og med engasjert og kraftfull song, gav dei gudstenesta eit verkeleg løft. Den liturgiske musikken som kyrkjelydane øvde på i januar vart brukt, og det var ei ekstra øving på «Vår Far» før gudstenesta begge stader. Sokneråda har no vedteke å bruke den nye forma av Herrens bøn, og då må tilhøyrande musikk fylgje med. Mange korsongarar frå seminaret tok del i gudstenestene for å lette innøvinga med kyrkjelydane.