21. mai 2012
Artikkeldetaljer

Ny nettportal

Forfatter: Anne Honningsvåg | Opprettet: 06.07.2011 | Visninger: 423

Kyrkjesøk.no.

Denne kan td. nyttast til å bli kjend med kyrkjene og å få oversikt over sommaropne kyrkjer.

Gjennom nettportalen www.kyrkjesøk.no er no bilete og grunnopplysningar frå alle landets 1621 kyrkjer, gjort tilgjengeleg for alle, heile tida.

Med kyrkjesøk.no vil vi at folk skal lære meir om norske kyrkjebygg, kvar dei ligg i landskapet og kva for kulturverdiar dei representerer, fortel prosjektleiar Cathrine Lillo-Stenberg i KA Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon, som står bak den nye nettstaden.

Kyrkjene er dei viktigaste kulturminna vi har i Noreg. Gjennom kyrkjesøk.no kan folk bli betre kjende med si eiga kyrkje, - eller andre kyrkjer. Ein kan lære meir om kyrkjene og den særlege plassering bygga har i folk sitt liv – og kor viktige dei er, og har vore for det norske samfunnet.

 

Kyrkjesøk.no hentar data frå Kyrkjebyggdatabasen, ein informasjonsdatabase for alle norske kyrkjer, nytta av lokale, regionale og sentrale forvaltningseiningar som kyrkjeleg fellesråd, bispedømmeråd, Kyrkjeråd og Riksantikvar.

Kyrkjesøk.no syner stoffet frå tre innfallsvinklar: kyrkjer i kart, epokesøk med tidslinje, og nettutstillingar.

Kyrkjer i kart gjer det mogleg å finne alle kyrkjer, eller berre dei opne kyrkjene, som ligg i reiseruta. Epokesøk er eit søk på ei tidslinje, frå 1100-talet til i dag.

Nettutstillingane presenterer kyrkjekunst, bygningsteknikkar o.a. kyrkjerelatert stoff i form av biletseriar.

Sjølvsagt er det og høve til å søke direkte på den einskilde navngjevne kyrkje.

Mykje av informasjonen er sensitiv, og vert liggande i den lukka databasen, fortel Lillo-Stenberg. - Men det meste av alt det vakre og storslåtte, frå detaljert ornamentikk til imponerande arkitektur, kan no opplevast gjennom kyrkjesøk.no

Print Bookmark and Share

Tilbake
Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Opphavsrett (c) 2008 Stryn kyrkjelege fellesråd Powered by LabOra - Agrando AS