Babysong
Forfatter:
Rut Netland |
Opprettet: 31.05.2011 |
Visninger: 855
Babysong er ein del av trusopplæringa i Stryn og Hornindal, og er eit tilbod for alle som har små born i alderer
frå 0 – 2år.
På samlingane syng ein for borna sine, lærer nye songer, samtaler om småbarnsopplevingar / emne m.m.og drikk kaffe saman. Det er høve til å ta med syskjen på samlingane.
Pr. idag har ein desse samlingane:
Betania, Stryn onsdagane 10:30 - 12:00
Misjonsheimen, Innvik onsdagane 11:00 - 12:00
Huset Vårt, Hornindal måndagane. Oppstart i løpet av hausten. Fylg med på Honndalsportalen og lokal annonsering.
Kontaktperson: Heidi Skålid Amundsen, tlf 410 46 057 / 57 87 48 14
Musikk er ein viktig del av livet til barnet. Allereie medan det ligg i mors mage høyrer barnet lyd og føler rytme. Musikk er med på å utvikle og stimulere sansane. På babysong kan du få lære/friske opp barnesongar, bånsullar, rim og regler. Kanskje dette vil inspirere til å bruke meir musikk heime? Både mor og far er velkomne saman med barnet; hugs det er kjende stemmer som er det tryggaste og vakraste i heile verda for barnet. Dette er eit tilbod som passar best for barn under 1 år.