23. februar 2012
Gravferd
Minimer

Du kan søke etter informasjon om gravlagde på denne linken.

Når nokon døyr og de skal førebu gravferd, ta kontakt med presten som har teneste i soknet der de ønskjer å ha gravferda. De kan også vende dykk til kyrkjeverja med spørsmål om gravferdsdag, gravstad og anna. Ta også kontakt med gravferdsbyrå dersom de ynskjer praktisk hjelp frå dei.

Reglar om grav og gravferd er regulert i Gravferdslova, Forskrift til gravferdslova og lokale kyrkjegardsvedtekter. Gravferdslova seier kven av dei nærast etterlatne som har rett til å syte for gravferda og ta naudsynte avgjer. Men avdøde kan også ha skrive ein erklæring om kven som skal ha denne retten. Eitt av spørsmåla som ein må ta stilling til er kva for grav som skal nyttast.

Avdøde personar som ved dødsfallet var busett i Stryn kommune har rett til fri grav på kyrkjegard her (gfl. § 6). Det kan også veljast gravlegging i ei festa grav (gfl. §§ 8 og 14).

Fri grav er ei grav som ikkje er festa, og er utan festeavgift i fredingstida som er 30 år på alle kyrkjegardane våre. Når fredingstida og friperioden er omme, får den som er ansvarleg for grava tilbod om å feste grava vidare mot betaling av festeavgift.
 
Festa grav er ei grav som det er betalt festeavgift for. Når det har gått minst 30 år sidan siste gravlegging i grava, kan grava nyttast om att til ny gravlegging. Urne kan likevel setjast ned i kistegrav sjølv om fredingstida ikkje er omme (gfl. §8). Ved bruk av kistegrav er det høve til å reservere ei grav ved sida av. Denne reserverte grava vert også rekna som festegrav. Det er berre personar som kan ha festerett. Den som er registrert som festar for grava må godkjenne at grava vert nytta om att i aktuelt tilfelle.
 
Gravfeste: Alle graver, anten det er fri grav eller festa grav får tildelt eit festenummer. Graver som ligg ved sida av kvarandre og er registrert med same festar eller ansvarshavande, vert rekna som felles gravstad med same festenummer.
 
Festetida vert rekna frå årsskiftet etter utlaup av friperioden (første fredingstid), og det vert betalt festeavgift for 10 år av gongen inntil 60 år etter siste gravlegging i gravstaden. Ved ny gravlegging vert det ikkje endring av forfall for festeavgift. Det er soleis årstal for fyrste gravlegging i gravstaden som styrer forfallstid for festeavgifta, men det er årstal for siste gravlegging som styrer kor lenge gravstaden kan festast. Når det har gått 60 år etter siste gravlegging, er det høve til å søke om vidare feste for 10 år av gongen inntil grava vert 90 år frå siste gravlegging.
 
Avgrensingar: Fellesrådet har høve til å avgrense retten til ny gravlegging i festegraver på grunn av spesielle tilhøve ved einskilde graver. Slike årsaker kan vere at grava er for lita eller fell utanom ny regulering av gravfeltet. Det kan også ha årsak i omsynet til nabograva, store tre eller grunnforholda på den aktuelle staden. Avgrensinga kan vere ingen gravlegging eller berre urne.
 
Fordelar ved bruk av festa grav til ny gravlegging:
-        Alle graver har ein maksimum festetid. Ved å bruke festegrava til ny gravlegging, vil festetida automatisk bli forlenga og rekna ut frå siste gravlegging.
-        Ein vil sleppe å kjøpe ny gravstein dersom den gamle kan brukast.
-        Festaren vil ha ein grav mindre å stelle og halde seg til.

For nærare informasjon, sjå Gravferdslova og Forskrift til gravferdslova på http://www.lovdata.no/

  
 
Minimer
  
Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Opphavsrett (c) 2008 Stryn kyrkjelege fellesråd Powered by LabOra - Agrando AS