21. mai 2012

Kalender
Minimer

Nedenfor vises en oversikt over gudstenester og andre hendingar.
Du kan velge menyen "Gudstenesteplan" for å se for en lengre periode og mer detaljar.

       
  
Dagens bibelord
Minimer
Andakt
Minimer

Velkomen til heimesida til Den norske Kyrkja i Stryn!

Kyrkja i Stryn er delt inn i åtte sokn med kvart sitt sokneråd:
Utvik, Innvik, Olden, Loen, Nedstryn, Oppstryn, Nordsida og Randabygd.

Stryn Kyrkjelege Fellesråd er sett saman av ein representant for kvart av sokna, ein av prestane og ein representant frå Stryn kommune.

 

Nyhende
Minimer
Stryn kyrkjelege felles råd har følgjande ledige stillingar

Stryn kyrkjelege fellesråd søkjer etter Trusopplærar, info om stillinga finn du her

Det er og ledig stilling som Kyrkjemusikar, og som Kateket.

Søknadsfrist for alle stillingane er 1. mai 2012

  

INFORMASJON OM KONFIRMANTÅRET 2012 – 13.

Vi vil gjerne møte dei nye konfirmantane og foreldra allereie før sommaren. De er hjarteleg velkomne til:
Informasjonsmøte med innskriving (påmelding)
• Hornindal sokn:
 tysdag 29. mai kl 17.00 – 18.30 i Hornindal kyrkje
• Randabygd, Nordsida, Oppstryn og Nedstryn sokn:
 tysdag 29. mai kl 20.00 i Nedstryn kyrkje
• Utvik, Innvik, Olden  og Loen sokn:
 Onsdag 30. mai kl 20.00 i Solvang, Olden
Det er viktig at konfirmanten og minst ein av foreldra møter.
Dersom tidspunktet for ditt sokn ikkje høver, kan de kome på eit av dei andre informasjonsmøta.

Vi kjem til å sende ut brev til alle. I det brevet vil det kome meir informasjon om planane for komande konfirmantår.

Har de spørsmål, kan de konatkte:
Sigrun Reinhardtsen 57 87 48 13 eller 99 106 126
Kjetil Netland 57 87 48 12 eller 911 03 134

  

PÅSKE I BARNEHAGE OG SKULE
Skular og barnehagar i indre Nordfjord markerer påska på ulike måtar. I veka før palmesøndag har det vore samlingar på fleire stader i området. Borna lærer songar og dei dramatiserer påskeforteljinga. Tilsette i kyrkja har delteke på mange samlingar der påska har vore tema. Barnehagane i Oppstryn, på Nordsida og i Hornindal har hatt besøk, og ungane har leika med flanellograf og duploklossar. Song og spel har vore viktige ingrediensar i programmet. Tonning skule har hatt påskesamling i kulturhuset, og Loen skule har hatt si tradisjonelle påskegusteneste i kyrkja,   

nyhetsbrev misjonsprosjekt i Mali

  
   nyhetsbrev  misjonsprosjekt i Mali

  

FASTETIDA 2012

Fastetida er dei siste 40 dagane før påske. Sjå meir om fastetida: http://www.kyrkja.no/index.cfm?event=doLink&f

Vi kan førebu oss til påske ved å ransake livet vårt i lys av Guds bod. (2. Mos 20, 1 – 17 Matt 22, 34 – 40.) Bibelen utfordrar oss særleg på tilhøvet vårt til dei fattige i verda. (Jes 58, 5 – 8.) Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein hjelp til å gjere noko konkret! Sjå: http://www.kirkensnodhjelp.no/Fasteaksjonen/Om-aksjonen/Arets-aksjonstema/

Når vi speglar oss i Guds krav, oppdagar vi at vi kjem til kort. Då gjeld det at vi grip tak i hovudsaka i evangeliet, nemleg at Jesus bar syndene våre og leid og døydde for vår skuld. Denne bibelleseplanen skal hjelpe oss til å halde fokuset på Jesus og det han gjorde for oss. Her er eit avsnitt for kvar dag frå Jesus sin lidingssoge.

  

Endring i gudstenestelista, Oppstryn kyrkje

Det er ei endring i gudstenestelista i høve til det som står i kyrkjelydskalenderen:

Gudstenesta i Oppstryn kyrkje er flytta frå 4. mars til 11 mars kl 16


Vikar ved prestekontoret
Image: Vikar ved prestekontoret

Runar Sæle skal ha praksis i Kjetil Netland si stilling i tida 14.02 - 18.03.12. Han vert å treffe på prestekontoret kvar dag i denne tida.
Runar er siste årsstudent ved Misjonshøgskulen i Stavanger.
 

  

Tårnagentsamling i kyrkjene våre!
Image: Tårnagentsamling i kyrkjene våre!


 
Laurdag 3. mars braker det laus for årets tårnagentsamlingar. 3. klassingane vert inviterte til å vere ein dag i kyrkja med oppdrag, leik og mysterier.
 
Ein tårnagent er ein som løyser oppdrag og mysterium og utforskar gøymde plassar i kyrkja.
 
Det er Søndagskulen som har utvikla opplegget, og du kan lese meir på: http://www.tarnagentene.no/
 
Nrk sende ein serie om tårnagentane i jula.
Sjå: http://www.nrk.no/programmer/sider/taarnagentene/
 
Når vi har tårnagenthelg i kyrkja, skal vi løyse oppdrag og mysterium og utforske kyrkja, tårnet og klokkene. Barna bur heime, og det varier i kyrkjelydane om opplegget går over ein eller to dager, det varierer også kva alderstrinn som er innbydde. Tårnagenthelga blir arrangert i mange kyrkjer i heile landet same tida, og det kan bli så mange som 10 000 Tårnagentar til saman!  (trykk på overskrifta for meir info)

  

BOK TIL FIREÅRINGAR I LOEN OG NEDSTRYN
Image: BOK TIL FIREÅRINGAR  I LOEN OG NEDSTRYN

Om lag 30 born fødde i 2008 møtte fram på gudsteneste for å få kyrkjeboka si den fyrste søndagen i februar. Begge stader var det mykje folk til stades og mange spennande element i gudstenesta. I Loen var den katolske og den lutherske kyrkjelyden saman om ei økumenisk gudsteneste, som gjekk på polsk, slovakisk og norsk. I Nedstryn var eit strålande opplagt barnekor med. I flunkande nye t-skjorter og med engasjert og kraftfull song, gav dei gudstenesta eit verkeleg løft. Den liturgiske musikken som kyrkjelydane øvde på i januar vart brukt, og det var ei ekstra øving på «Vår Far» før gudstenesta begge stader. Sokneråda har no vedteke å bruke den nye forma av Herrens bøn, og då må tilhøyrande musikk fylgje med. Mange korsongarar frå seminaret tok del i gudstenestene for å lette innøvinga med kyrkjelydane.

  

STRYN BARNEKOR I GRØNT
Image: STRYN BARNEKOR I GRØNT

Den fyrste søndagen i februar stilte Stryn barnekor opp i kyrkja med nye t-skjorter i knallgrøn farge. Nokon lurte på om det var innsatsen for «grøn kyrkjelyd» som fekk slike innslag, og leiar Rut Solveig Netland meinte det kunne vere eit bra startskot. Koret tok del i prosesjonen inn i kyrkja og deltok på ein fantastisk måte i liturgien, i salmesongen og med eigne nummer.

  

Side 1 av 2Først   Forrige   [1]  2  Neste   Sist   
Kontakt oss
Minimer

Stryn kyrkjelege fellesråd
Tonningsgata 4
6783 STRYN

Telefon: 57874811

Send E-post

Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Opphavsrett (c) 2008 Stryn kyrkjelege fellesråd Powered by LabOra - Agrando AS